Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Fellesskap »   Nyhende »   Arkiv 

Leiar: Endringar oppretting av lag - og ein plass for homies

Denne månaden har me jobba med store endringar i korleis nye lag vert oppretta i Hattrick. Hattrick vil ikkje lenger bruke gamle lag opp att, noko som vil gjere ting enklare for nye brukarar og i tillegg endre korleis «botifisering» av lag fungerer. I tillegg til dette og ei rekkje små betringar rundt om på nettstaden, så vil me gje deg eit varsel om ein ny internasjonal liga som vil opna neste sesong: The Hattrick Homegrown League.


La oss starte med å annonsere Hattrick Homegrown League. Denne nye internasjonale ligaen for tilleggsklubb vil starte neste sesong. Den er inspirert av Homgrown konkurransen som har gått det siste par åra.

The Homegrown League vill bli ein permanent liga der ingen lag kan kjøpe spelarar. Med andre ord, den einaste måten å bli konkurransedyktig på er effektiv ungdomsutvikling, trening, og coaching i verdsklasse. For ein gongs skuld har ikkje overgangshaiane ein fordel.

The Homegrown league vil fungere som alle andre tilleggsklubbar, som betyr at det vil ta ein plass som ibkluderer i Platinum eller krevs ein tilleggsklubblisens. Med svært stor etterspurnad vil me lage plass til eit fjerde lag tidsnok til denne utgjevinga.

Me vil komme attende med meir informasjon om Homegrown League når sesongen nærmar seg, men me ville gi alle ein liten varslingsbeskjed, ettersom me er klar over at den nye ligaen kan føre til at du som har tilleggklubb endrar planane dine.

Nøkkeldelen for denne månadens utgivelse er ein signifikant endring på korleis Hattrick legg til nye lag. Når Hattrick starta, bestemte me oss for å bruke oppatt gamle lag når nokon forlet spelet og ein ny brukar startar. Denne strukturen sparar plass og speleytelse for oss på kort sikt, ettersom det er meint for å viske ut reine spelarstallar for lag når brukarar sluttar. Men denne måten har sine bakdeler, og det er noko me har angra på mange gonger iløpet av dei siste 25 åra.

Denne veka vil me starte med å gi nye lag ein unik identitet. Me vil starte i det små, og testar den nye metoden i den Svenske ligaen før me startar med å rullerer ut for andre land etter den kommande sesongpausen.

For nye brukarar, så vil endringane sei at ein kan starte raskare etter registrering og dei kan starte spelet med ein gong. Dei vil ikkje ta over historikken til eit tidlegare lag.

Som ein del av det same prosjektet, så vil endringane føre til at Gamemasters sjekkar nye lag. I staden for å plassere lag som trengs for gjennomsyn på ei venteliste før ein tildeler dei eit lag, brukarar vil få laget med ein gong og kan starte å spele Hattrick. Uansett, nokre lag treng eit ekstra gjennomsyn og med nokre restriksjonar dei første dagane. Om det hender så vil det til dømes vere at ein ikkje kan by på spelarar eller skrive på forumet iløpet av dei første dagane etter registrering. Dei kan elles spele Hattrick som normalt, som å legge inn kampordrar, tilsette støtteapparat og så bortover.

Dei eksisterande brukarane vil nok ikkje legge merke til desse endringane i starten. I løpet av sesongen så vil ein sjå at datalagifseringa (botifisering) av nyleg eigarlause lag vil fungere anleis. I staden for å bli eit datalag i løpet av sesongen, så vil systemet merke laget som "under administrasjon". Slik lag vil behalde spelarane, men prestere mykje dårlegare enn tidlegare. Som tidlegare, vil nedgangen i prestasjonen skje frå veke 8, og berre lag som har blitt eigarlause i første halvdel av sesongen.

Ein stor endring er at tidlegare brukarar kan komme tilbake til laget sitt.

På slutten av sesongen, i veke 16, lag som er under administrasjon forleg ligasystemet og er erstatta av eit datalag eller eit nytt lag med ny brukar.

Når eit nytt lag registrer seg i ligaen, så vil dei starte med eit heilt nytt lag, men ingen historikk. Det nye laget vil normalt ta plassen til eit datalag som er ledig for å bli erstatta, eller det kan erstatte lag som er "under administrasjon".

Med dei nye endringane så vil serietabellane og kampoppsettet gi meir meining. Lag vil ikkje endre lagnamn midt i sesongen, og nye lag treng ikkje å fundere på kampar laget deira skulle ha spelt veker i forvegen. I framtida, klubbhistorikken vil berre høyre til den brukaren som oppretta laget.

Seinare i år, så vil me bygge vidare på å tillate tidlegare brukarar til å komme attende til sine klubbar. Me har mista oversyn over kor mange brukarar som har kontakta oss for å be om å få tilbake sine gamle klubbar. Endeleg vil me ha mogelegheita til å sikre klubbarven på ein skikkeleg måte.

I tillegg til endringane i oppretting av nye klubbar, så annonserer me nokre små endringar:

- Me har lagt til mogelegheita for brukarar for å sjekke tilgjengelegheita for tilleggsklubbar utan å måtte stenge eit lag først.

- Når ein startar med ein ny tilleggsklubb, så vil du kunne velje føretrekt spelestil, og får ein ekstra spelebonus som fram til no berre har blitt gitt til hovudlaget.

- Under Klubbhistorikk sida, så har me lagt til oversiktstabell, liknande den som er på Foxtrick.

- Me har lagt til nokre filter på Lag analyse-sida

- Me har forbetra korleis ein syner topprestasjonane og rekruttinga i oversiktssida på kvar serie

- Me syner no den høgaste posisjonen du har nådd på den spesifikke stigen

- Me vil no markere evnene som har blitt synleggjort etter ungdomstreninga når du klikker på "avslør alle" knappen.

Me håpar du set pris på dei nye endringane!

 
Server 071