Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Leiarar

Året i vente


2022-01-12 12:49:00

No som alle har kome i gang att etter nyttår, så nyttar me høve til å takke alle Hattrick brukarar for 2021. I den samanheng vil me sjå attande på året som har gått og kva som ventar oss i 2022.


Det førre året har vore eit godt år for Hattrick. Faktisk har det no vore fleire år på rad med ein stabil brukarmasse, både i form av aktive brukarar og Supporterar. Dette er svært viktig for oss og ein av grunnane til at me kunne starte med rekrutteringsprosessen for 3 nye jobbar i oktober. Denne prosessen er framleis i gang, og me har hatt mange interesserte, men grunna pandemien så har logistikken av tilsettinga internasjonalt forsinka arbeidet
Men når dei nye er tilsett så har me trua på at dette blir veldig bra for Hattrick.

2021 var også eit produktivt år når det kjem til nye utgivelsar for spelet. Det nye Verdsmeisterskapsutgåva blei nytta, ilag med nye utgåver i valsystemet, landslagsspeiding og trekkinga av gruppene som kunne sjåast "live".
Me ga også ut ny eit nytt system for bragdene, i tillegg til mange nye bragder. Me har utgitt eit pratehjørne, og lokale krinsar for mobilbrukarar, slik at ein kan skape eit nettverk i sitt lokalområde. Og desse lokalkrinsane har no nyleg blitt tilgjengeleg over nettlesaren.

Supporterane fekk den mykje etterlengta oppdaterte versjonen av kampdrakt- og stadion designerfunksjonen, og me lagde gratis landslagsforbund tilgjengeleg for alle. Apache ligaen vart eit nytt konsept i Hattrick, ein tidsbegrensa seriesystem. Anna nytt var Oppdrag og det nye sponsorsystemet. Dei to sistnemnte har likheitstrekk, med Oppdrag som blir ei utfordring som kan bli lagt fram for brukaren av styret. Det nye sponsorsystemet går ut på dynamiske sponsorinntekter, og gir brukarar mogelegheita til å velje sponsor i tillegg til prestasjonsbonusar som laget vil prøve å oppnå. Begge av desse systema vil bli utvikla vidare i 2022, som vil føre til fleire og interessante mål for brukarane å strekke seg mot.

Når me ser fram mot 2022, så er det vanskeleg å ikkje unngå å sjå at me går inn mot 25 års jubileum i august. Det vil bli høve for meir enn berre samfunnet å ta del i, men også utviklarar, som kan syne historia til Hattrick meir synleg og relevant. Jobben med kampdrakter og stadion designer vil halde fram slik ta det kan integreres.

Ein ting til me vil fokusere på i 2022 er røysnla med å delta i seriar. Dette er naturlegvis ein essensiell del av Hattrick allereie, men det er såpass viktig for brukarar at me truleg har underestimert. Me ynskjer å vite korleis brukarar forhald seg til serien sin kvar sesongen, korleis dei handterer forventa nedrykk og opprykk undervegs i sesongen, korleis ein byter avdeling i lågare divisjonar, i tillegg til å gjere det meir kjekt å spele i avdelinga di.

Igjen, tusen takk for at de heng med oss. No la oss spele vidare... Og jobbe!
Again, thanks for sticking with us. Now let’s get to play... And some work as well!


HT-Johan
Oversikt alle leiarar

Reaksjonar frå fellesskapen

Ingen har skrive ei pressemelding om dette enno.

 
 
Server 080