Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hattrick annonserer

1-17-2022 Lokale stigar

I dag har me nokre få ting å seie om lokale krinsar, den funksjonen i mobil-appen som gjer at du kan koma i kontakt med andre managerar i byen din.

Fyrst og fremst: som ein del av jolekampanjen, så har det blitt delt ut meir enn 1300 supporter-gåver har blitt delt ut til medlemmar av lokal krinsar, utløyst av kjøp gjort av andre krins-brukarar. Gratulerer!

For det andre: me har lagt til ein ny stigetype, berre for lokale krinsar. Alle medlemmar av ein krins kan byrja på den lokale stigen, frå verdsveven eller frå appen, og frå då av kan alle andre medlemmar bli med. Kven vil få dei lokale skryterettane?

Det er òg ein kampanje gåande for Hattrick-kredittar akkurat no, som om du har lyst til å prøve desse stigane eller andre Gears-produkt, så er det rette tida for det no.

Medan me veit at mange mindre krinsar ikkje er særleg aktive, så trur me framleis denne type funksjonar har eit fint potensial til å verte grunnlaget for sterkare, lokale fellesskapar. Gjeve pandemien, så er det framleis ikkje tilrådd å oppmode til for mange lokale treff, men den dagen vil koma og det er ein fin ting – og då vil dette vere den beste måten til å finne ut om det er andre managerar i nærleiken.

Ved lansering, så lova me òg å finne nye måtar å oppmode dei mest aktive, lokale krinsane. Men korleis kunne me finne desse?

Med den nye sida for krinsar, så kan alle sjå at dei største i verda er Barcelona (189 brukarar), Buenos Aires (177), Warszawa (156), Budapest (145) og Milano (142).

Me grov djupare, og fann at den mest aktive, lokale praten er Guadalajara, Mexico (37 meldingar pr aktive medlem), Barcelona (35), Caracas (30), Tijuana, Mexico (26) og Genève (25).

Den høgste prosentdelen av krinsmedlemmar som er aktive i praten er Évora, Portugal og Tijuana, Mexico (både 100%), Lleida, Spain (93%), Tarragona, Spain (90%), og Córdoba, Argentina (86%). Det er tydeleg at den iberiske kulturen og deira Søramerikanske kusiner er noko for seg sjølv, og at særskild katalanarar har ein stor tilknyting til fellesskapen!

Me vil koordinera med pålitelege krins-medlemmar av kategori vinnarane Barcelona, Guadalajara, Tijuana og Èvora for å sikre oss at dei får ein boks med godsaker dei kan dela ut blant dei lokale brukarane.

1-3-2022 Hattrick Masters-trekking

Hattrick Masters byrjar komande måndag. Trekkinga vert gjennomført klokka 15:00.

12-24-2021 Gledeleg jol!

Me ynskjer alle Hattrick-managerar ei joletid med mykje avlslapping, moro og meiningsfylt tid med dei menneska som står deg nærast. Og kanskje ei gåve eller to! Me vil freiste å gjere det same, og koma attende neste år med mykje energi til å gjere dette spelet betre for deg.

Men viktigast av alt, så vil me takka deg for å gjere Hattrick
til den beste fellesskapen!

Med kjærleik, Hattrick-laget

12-23-2021 "Secret Santa" i krinsen

Ja me veit, me veit - pandemien er ikkje over ennå, og nok ei innelukka jol heime ser ut til å vere den ansvarlege måten å gjere det på. Men verda er der framleis der ute, og om det skulle bli nokre fine Hattrick-samlingar i 2022, så det er ingen dum idé å byrja knyte band med folka i din eigen by. Så lat oss førebu…

Me har organisert ein lokal Secret Santa-fest! For å delta, så treng både givarar og mottakarar å bli med i ein lokal krins.

Sånn fungerer det: for kvart kjøp som vert gjort i jolekampanjen, så vert ein bonus 1-månad jolegåve oppretta og øyremerka den lokale krinsen til den givaren. Gåvene vil ligge under Hattrick-joletreet og bli delt ut av Santa Bob tidleg i januar. Den eine halvdelen av gåvene vil bli delt ut i krinse til givaren, og den andre halvdelen vil bli delt ut i ein tilfeldig krins rundt om kring i verda.

Så lenge som du er i ein krins, kva krins som helst, så har du ein sjanse for å vinna!

Hugs at du kan berre bli med eller flytte lokale krinsar frå mobilen din, sidan han nyttar geolokasjon for å finna den rette plassen for deg.

Me gjer òg fleire sårt tiltrengde oppgraderingar til krinsane i seg sjølve. Medan dei lokale krinsane er hovudsakleg ein mobil funksjon, så tykkjer me det er viktig at når du fyrst har funne det lokale innhaldet at du òg kan samhandle med han på nettstaden. Så no er det ein lokal krins-side på nettsida, plassert under Mitt Hattrick/Fellesskap. Her kan sjå få tilgang til den lokale praten, sjå fulle medlemslister til krinsen din, sjå kven nye medlemmar som har blitt med nyleg og til og med statistikk for jolekampanjen.

I appen har me flytta dei lokale krinsane til ein ny plassering under sosial, samstundes med den same informasjonen som ovanfor.

I tillegg til dette, så kan du sjå globale statistikkar relatert til lokale krinsar på nettstaden, som til dømes dei største krinsane i verda, og kor mange krinsar og krinsmedlemmar det finst i verda.

Me håpar du likar denne oppdateringa – og lukke til i Secret Santa-trekkinga!

12-12-2021 Alle hyllar Slovakia!

Slovakia er dei nye verdsmeistrane i Hattrick etter å ha slått Italia med 5-3 i finalen fredag kveld.

Italia gjekk tidleg opp i ei 0-2 leiing, men Slovakia jobba seg inn att i kampen. Så ved pause var stillinga 2-2. Italia gjekk nok ein gong opp i leiinga tidleg i den andre halvleiken, og det var ikkje før i det 75. minutt at Slovakia greidde å utlikna. Denne gongen på ei indirekte frispark.

I ekstraomgangane handla det berre om Slovakia. Kampen enda 5-3, og det er tydeleg at den portugisiske manageren Kanit0 har gjort ein utmerkt jobb med laget. Me gratulerer han, og i tillegg den slovakiske fellesskapen for denne strålande bragda! Kudos går òg til italienarane for god innsats, leia fram av sjefstrenar Monco-Ultras.

12-9-2021 Val i kjømda!

Verdsmeisterskapen nærmar seg slutten med finalen i morgon, og det er på tide å velja dei neste A-landslagssjefane.

Viss du ynskjer å verta kandidat må du aktivt registrera deg som ein.

Registreringa opnar på fredag klokka 07:00 CET, og røystinga byrjar på måndag og varar i ei veke. Det vert no haldt val for alle dei 144 ligaene som kan tevla i verdsmeisterskapen.

Valtalen vil automatisk bli lagt ut som ein tråd i det nasjonale forumet til den ligaen der du stiller som kandidat – gå ikkje glipp av sjansen til å svara på spørsmåla frå fellesskapen!

For å bli kandidat til valet eller for å røysta i eit val, må du ha vore ein brukar i minst éin sesong - dette for å hindra ymse forsøk på valfusk.

Lat kampanjane byrja!

12-7-2021 Seriesbyte

Som vanleg vil HFA tillata nokre lag å byta serie i seriepausen:

- Denne gongen vil vindauget for byting vera ope frå torsdag 19. kl. 00:00 til fredag 10. desember kl. 23:59 (CET).
- HTI-lag vil berre vera i stand til å byta fram til fredag kl. 16:00 (CET) grunna oppretting av kampar for den komande sesongen.
- Du kan berre byta seriar om du spelar i ein av dei tre lågaste divisjonane i landet ditt.
- Du kan berre byta plass med eit datastyrt lag (bot) frå det same divisjonsnivået du er i.
- Du kan berre byta plass ein gong, og det kan ikkje gjerast om. Så pass på at du verkeleg vil byta seriar.

Du kan byta plass med eit datastyrt lag frå seriesida til det laget. Ei lenkje vil koma til syne etter det datastyrte laget på tabellen. Merk deg at du kan berre byta plass med eit datastyrt lag (må ha robot-logoen), og ikkje med eit eigarlaust lag som ikkje har blitt datastyrt enno.

 
 
Server 081