Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hjelp »   Husreglar »   Namn og logo 

Husreglar

Namn og logo

Dei logoane me likar best, er dei som på eit eller anna vis har ei reell tilknytting til laget. Me er likevel nokså fordomsfrie når det gjeld kva logoane inneheld og kva namn du vel på laget ditt. Men me vil sikra oss at spelarar ikkje misbrukar denne fridomen til å fornærma eller diskriminera andre (med vilje eller ikkje). Difor, for å ta omsyn til kvinnelege røyster, til foreldra til brukarane og til folk frå land eller religionar med eit strengare verdisyn enn vårt, vil me seia: Somme ting er det ikkje greitt å ta med i logoen eller namnet ditt.

  • Det er forbode å ha støytande, fornærmande, nedsetjande eller diskriminerande namn/logoar (på grupper eller andre). Dette inkluderer rasistiske og fascistiske symbol, samt symbol for terrororganisasjonar ogliknande.
  • Det er forbode med seksuelt eksplisitt innhald, både nakne og halvnakne bilete og seksuelt provoserande poseringar/stillingar. Folk bør vera ordentleg kledde.
  • Det er forbode med reklame for kriminelle aktivitetar eller for bruk av illegale varer eller stoff.
 
Server 070