Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Husreglar

Forumreglar og moderatorar

Me er svært krye av fellesskapen vår, og særleg av den gode ånda på forum-delen og i aktiviteten der. I Hattricks mange forum er det utnemnt fleire moderatorar (eller mods). Dei er der for å hjelpa dei brukarane som treng det, men òg for å sikra at det er triveleg å koma inn på eit forum. Når du er inne på eit forum, gjeld dei vanlege reglane for god oppførsel, men det er òg nokre særskilde forumreglar. Dei er der for å halda på den gode og trivelege stemninga på forumet. Nokre forum har ytterlegare særskilde forumreglar, og dei kan du alltid finna i det klistra (sticky) emnet i det relevante forumet. Moderatorane har autoritet til å utestengja deg frå forum og koma med åtvaringar for å oppretthalda reglane.

Spelsjefane (GM-ane) har også moderasjonsrettar, og dei tek seg av dei strengaste straffene (som kan føra til full utestenging frå Hattrick). Kom i hug at sjølv om du har supporterpakken, så hindrar ikkje det at du kan verta bannlyst frå foruma, og det du har betalt for supportertenester, vert ikkje refundert i slike høve.

Ei avgjersle frå moderatorane kan ankast til senior-moderatorane, men avgjersla deira kan ikkje overprøvast. Ver merksam på at om du ankar straffa di, kan ho verta både større og mindre når den endelege avgjersla vert teken.

Innanfor forumområdet må du følgja dei reglane me har sett for oppførsel. Dessutan er det ikkje tillate å:



- Spamming, t.d. å senda den same meldinga fleire gonger.
- "Bump"-trådar (skriva berre for å framheva deg sjølv eller ein forumtråd).
- Oppretta innlegg med provokasjonar og "trolling".
- Overdriven banning eller støytande språk.
- Oppretta innlegg med rasistiske, sjåvinistiske eller personlege åtak; åtak på eit særskilt land eller religion.
- Oppretta innlegg med politiske og religiøse diskusjonar.
- Å koma med skuldingar om juks (bruk sida meld juksarar i staden).
- Å be om om hjelp til eller reklamera for nedlasting av programvare eller programvare CD-nyklar eller å spørje etter torrents og/eller streams for (sport) hendingar.
- Å gje seg ut for å vera ein HT-funksjonær når ein ikkje er det.
- Diskutera om offisielle avgjersler som gjeld særskilde brukarar eller saker, eller publisera korrespondanse med HT-funksjonærar utan løyve.
- Å nytta offentlege forum (sjølv om forumet ikkje er i bruk) som om det var eit forbundsforum. Ver venleg å respektera at foruma for liga og ungdomsliga er meinte til å fremja kommunikasjon mellom medlemmane i desse ligaene. Og medan gjester er velkomne er det likevel ikkje lov til å nytta sånne forum for urelaterte diskusjonar.

Forbundsforum
Forbundsforuma (ein Supporterfunksjon) er meinte å vera ein meir privat del av Hattrick, der medlemmane i forbundet sjølv set dagsorden og til ein viss grad eigne reglar. I forbunda er det likevel ikkje lov til å:
- skriva innlegg om noko som vert rekna som ulovleg (inkludert lenkjer til ulovleg materiale og trugsmål på livet i røynda)
- nytte forbund som ein plattform til å promotera hatefulle utsegner
- organisera eller planleggja aktivitetar som er meinte eller vil føra til åtak eller provosera andre brukarar, inkludert funksjonærar i Hattrick
- publisere noko som helst av korrespondanse med funksjonærar utan heilt særskilt løyve frå Hattrick-funksjonærar.

For andre saker om oppførsle, så er forbundspresidentane ansvarlege, og dei har høve til å gjera som dei ser er best. Dei har høve til å sletta upassande meldingar og kan fjerna medlemmar frå forbundet og kan utnemna nye forbundsmoderatorar til å hjelpa dei med å halde orden på forbundsforumet. På same tid kan du òg sjølv velja å forlate forbundet for å hindra at konflikten utvidar seg.
 
Server 070