Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hattrickhistoria

Sesong 81 (4. april 2022)

Eit nytt sett med oppdrag vert lansert, retta mot lag som ikkje har hatt nokon framgang på mange sesongar. No kan du bli med i ein ekstra lokal-krins. Med å halde markøren over ei spelarlenkje i foruma let deg sjekka namnet, alder, eigar osb. utan å måtte gå ut av den sida du er på. Me har òg lagt til ein modus for utvida høgdepunkt på kamprapportsida.

Treningsplanleggaren får ei oppgradering, der du no kan mellom anna oppretta fleire treningsplanar. Me avslører familierelasjonar i Hattrick, og syner for alle nye spelarar om dei er i slekt med andre kan hende berømte Hattrick-karakterar.

No kan spelarar få troféar om dei har vore delaktige i at laga deira vart meistrar. Betre sponsoravtalar vart forhandla fram for ein betre risiko/vinst balanse.

Sesong 80 (13. desember 2021)

Kampkommentatorane kjem betre budd til kampar, og delar meir informasjon om spelarar, lag og tidlegare prestasjonar. Du kan aldri ha for mange bragder, så me har lagt til nokre fleire av dei òg.

Ein ny database-tenar vert sett i drift, noko som gjev meir lagringsplass, meir kraft til utrekningar etc., og som gjev oss fleire alternativ til å gjere kva me vil i framtida. Med "Føretrekt serie", så kan du no velja den føretrekte vegen gjennom ligasystemet i Hattrick, anten det er opp, ned eller til og med om du ynskjer å bli verande på same liganivået.

Me har oppgradert kampordresida med nye funksjonar og i tillegg gjort han raskare opplastingstid og reaksjonsevne. Med blant anna betre stadionintegrasjon, så vert heimebana nytta som bakgrunn for kampar. Og nå kan du sjølv velje mønster for korleis graset skal klippast.

Spelarsida får ei oppgradering, som gjer nøkkelinformasjon lettare tilgjengeleg. Meir informasjon vert òg synleg, så som skadar, raude kort og mål.

Sesong 79 (23. august 2021)

Denne sesongen tok me avspark for den avgrensa ligaen, 'Apache-ligaen', der dei deltakande laga tevlar om å nå toppen over ein periode på seks sesongar. Fleire nye utbetringar i appen vert lansert, som t.d. forumsøk, spelarmål, landskampar og mykje mykje meir.

Landslagsforbunda er no opne for alle, inkludert brukarar som ikkje er Supporter. No kan du ha eigne trøyer for målvaktene. Me har òg lagt til fleire bragder ein kan streva etter.

Kamptaktikken press, angrip på kantane og angrip gjennom midten vert justert noko for å balansera desse tre mot andre tilgjengelege taktikkar i Hattrick. Frå no av kan du akseptera oppdrag som kan triggast av særskilde poeng i Hattrick-karrieren din, og gje deg tilleggsmål du kan oppnå.

Det nye verktyet for stadionutforming får sin debut i appen vår, i lag med fleire andre små utbetringar. For å unngå at ein omgår regelverket om maks uttak av styrereservar, så kan styret kanskje avgjere å halde att kontantar for særskilde selde 'Gold Bar'- spelarar som ikkje spelte ofte for klubben din.

Før kvar ny sesong tek til, så kan du no velje ein sponsor frå fem moglege tilbod, og tilbyr deg interessante val avhengig av kor stor risiko du ynskjer å ta.

Sesong 78 (3. mai 2021)

Med lokale krinsar kan du no prate og spele duellkampar med andre managerar som er i nærleiken. Læresmeistrar og lærlingar kan òg nytte praten medan ein gjer seg kjend med spelet.

Eit utbetra verkty for stadionutforming kjem attende etter å ha vore utilgjengeleg eit bel fordi Flash vart pensjonert. Me har òg lagt til ei rekkje nye statistikkar og relaterte funksjonar.

Alle som elskar bragder vert bortskjemt med mange ny bragder dei kan setje tennene i. I tillegg til nye utbetringar på trøyeutformaren, så har me òg gjort det tilgjengeleg for app-brukarane våre.

Sesong 77 (11. januar 2021)

Me tek avspark for eit nytt VM-system med eit meir fleksibelt format som gjer at alle 144 landa kan delta. Me introduserer òg kontinentale meisterskap for Europa, Afrika, Amerika og Asia-Oseania.

Me lanserte eit nytt turneringsformat der eit tap ikkje automatisk førte til eliminering frå turneringa. Ei oppgradert utgåve av lagoppstillingssimulatoren gjer det mogleg å simulere vêr, stadion, lagånd og sjølvtillit med ei tenkt lagoppstilling du har valt.

Endeleg kjem den nye trøyeverkstaden etter at me måtte seie adjø til Flash nokre månader før. Me la til ein samtaleportal som gjev deg ein betre oversikt over dei samtalane du er medlem av.

Terminlista syner no ein grafe med relative posisjonar for alle laga i serien gjennom sesongen, og i tillegg ein interaktiv krosstabell der du kan sjå heime/borte-resultat for kva lag som helst mot alle andre lag. Me lanserte òg ei ny oversiktsside for bragder.

Sesong 76 (21. september 2020)

Myanmar, Zambia, San Marino, Puerto Rico og Haiti blir med i Hattrick-familien denne sesongen. Nokre endringar i måten treninga vert presentert på ser dagens lys.

Appen vår får ei omfattande overhaling der mange av funksjonane frå nettstaden no vert tilgjengeleg i appen i tillegg. No kan du oppretta turneringar og invitera lag. Du kan sjå utviklinga av evner, løn og skadehistorikk, og minneverdige augneblink til spelarane dine. Og då har me berre nemnd nokre få ting av det som vart lagt til.

Sida for Verda får ei overhaling. Me la òg til eit nytt diagram til klubbhistoriesida, som syner framgangen (eller mangelen på sådan...) til laget ditt i ligaen og cupen dei siste sesongane.

Sesong 75 (1. juni 2020)

Med Belize, Botswana, Madagascar and Saint Vincent og Grenadinene, ynskjer vi velkommen til Hattrick. Vi annonserar fleire treningsgodbitar med Treningshistorikk side, der du kan sjå attende på kva du trente i ulike periodar tilbake i tid.

Ei ny innstilling vart lagt til for duellkampar og turneringar som tillét alle dei kampane å bli spela anten 3 eller 6 gonger raskare. Hattrick vert gjort breiare, som gjev oss meir rom til å jobba på. I tillegg ein ny funksjon lagt til på fleire sider som t.d. oppgradert serieside og oppdatering av overgangssøk.

Sesong 74 (10. februar 2020)

Cupstatus, skada eller suspanderte spelarar, kampkommentatorar gir eit betre innhald i kamphendingane. Med treningsplanleggaren kan du skape ein treningsplan der du, som andre, kan sjå forventa framtidige evner og løn gitt treningsregimet du set opp.

Ein oppgradert kalendar i Kontoret mitt gir ein mykje betre oversikt over det som er viktig no - i tillegg til dei kommande vekene. Me har gjort fleire justeringar i "samtale korta" i Kontoret mitt, der dine tilsette vil komme med viktig informasjon om laget ditt, og spelarane dine.

Styrkerangeringa er ein ny måte å måla styrken i laget ditt utover sektorkarakterar og spelarstjerner. Og det vert kalkulert frå dei 7 beste av dei siste 14 teljande kampane dine. Landslaga får nokre oppdateringar som til dømes assistenttrenarar som nå har høve til å avtala treningskampar.

No kan du oppretta di eiga turnering. Ei ny utforming av kampsida for å få ho meir på linje med Live-sida. Bot-laga vert hardare å slå, dei får meit bit i seg for å seie det sånn.

Sesong 73 (21. oktober 2019)

Etiopia og Den demokratiske republikken Kongo vert dei to nye landa som kjem inn i Hattrick-familien. Gjennom divisjonsbataljar kan du no tevla med andre medlemmar av serien din for å slå fast kven som er dei sterkaste i divisjonen din.

Serietabellen får ein ny og betre utsjånad. Med funksjonen Prøvespel kan du sjekke korleis ein spelar vil påverke laget ditt i lagoppstillingssimulatoren før du avgjer om du vil ta han med på laget. No kan du Snøggstarte ein stigekamp eller duellkamp om båe managarane er samde.

Kampkommentatorar gjev deg no meir informasjon ettersom dei ikkje vil du skal sovna av om det skjer for lite i kampen. Er det nokon som ikkje elskar det nye, mørke moduset i appen vår? Me gjer i alle fall det!

Me har renska opp kontoret for deg for å gjera den viktige informasjonen lettare å sjå. På landslaga får speidarane ei viktigare rolle, og nye offentlege prospektlister for kvart landslag gjer det lettare å fylgje alle dei nye talenta der ute.

Sesong 72 (1. juli 2019)

Fleire funksjonar er lagt til i appen vår, med støtte for ungdomstreningskampar og høve til å fylgje landskampar gjennom appen er nokre av det som skil seg ut. Me bør òg legga til det utbetra brukargrensesnittet for kampordrar i appen.

Minimum kondisjonstrening tillate vert auka frå 5 til 10%. Rettleiarar får noko anerkjenning for jobben dei gjer ved å hjelpa nye brukarar på plass i spelet. Med 'overgangsprospekt' og 'ekstra autobod' nye Gears-produkt har blitt lagt til.

Landslaga seier velkomen til treningssider og assistentrenarar. Handboka burde vera tilgjengeleg frå appen, så me la ho til. No kan du òg få førehandsvising av postar så som HT-melding eller foruminnlegg før dei vert lagt ut. Ganske praktisk om du likar å nytta HT-ML formateringa vår for at skrivinga di skal sjå finare ut.

Sesong 71 (11. mars 2019)

Cupen, samstundes som kamprapportsida fekk ei overhaling. Sett vekk frå Facebook og den vanlege innlogginga, så kan du no òg logga inn med Google-kontoen din.

Sesong 70 (19. november 2018)

Me har lagt til nye ligaer for fyrste gong på sju år! Øynasjonane Komorane, Curaçao, Guam, Sri Lanka The island nations of Comores, Curaçao, Guam, Sri Lanka og São Tomé og Príncipe fekk vera med i Hattrick-familien. Mange nye funksjonar kom til – for ungdomsakademiet, betre statistikk, meir interessante cupar og mykje meir. Det viktigaste var oppgraderinga av kampordreskjemaet, so det vart enklare og betre å bruka.

Sesong 69 (30. juli 2018)

Hattrick vart fullstendig berbart! Då me sleppte appane våre, fekk managerane høvet til å sjå til laget sitt medan dei var på farten. So snart me sleppte appane, gjekk me over til å vurdera nettsidene òg. Me introduserte duellkampar og oppdaterte mykje av det som har med overgangar å gjera, som samanlikningane, ynskjelista, og dessutan vekas lag og mykje anna.

Sesong 68 (9. april 2018)

Utviklarlaget jobba hardt og mykje med den nye utgåva av appane våre, so det kom ikkje til so mange nye funksjonar.

Sesong 67 (16. desember 2017)

Me hadde ein designkonkurranse for brukarane, so me kunne få innspel og idéar til korleis spelet kan sjå ut i framtida. Me inviterte vinnarane til å vera med på ein andre runde, som førte til at gode idéar vart bygde vidare på, og gav ny giv til folka bak Hattrick.

Sesong 66 (28. august 2017)

Ættarledsmeisterskapen var store nyhende då han kom til. Det skulle vera ei internasjonal turnering der ein møtte andre lag som vart starta om lag til same tid. Me sleppte ei ny treningsside, som gjorde det lettare å leggja planar og sjå fleire detaljar om kva som påverka treninga.

Sesong 65 (8 mai 2017)

Me har gjort betringar på systemet for chat, noko som gjer det enklare å finna fram til og hoppa inn i chat mellom kampdagar.

Ei ny kampordreside vert lansert og ikkje berre med ny visuell utforming, men òg mange nye funksjonar så som høve til å ha 7 spelarar på benken. I tilegg fleire funksjonar som vil hjelpa deg med å førebu ei god lagoppstilling.

Sesong 64 (16 Januar 2017)

Hattrick International gjev deg moglegheiten til å konkurrera mot managerar frå heile verda. Sidan det er ein ny liga vil det vera interessant å sjå kven som vil klara å bli den fyrste seriemeisteren om 6 sesongar.

Skadar har no fått fleire nyansar, og frå no av inntreff dei på fleire stader på kroppen. Forventa skadeavbrot er meir nøyaktige. Duellkampar kan analyserast og nokre fleire betringar er lagt til laganalyseverktyet.

Røystene til Platinum og Diamond-supporterane våre resulterer i lanseringa av ei påminning for når ein ungdomsspelar er klar for opprykk til seniorlaget.

Sesong 63 (26. september 2016)

Laganalyseverktyet får ei stor oppgradering, og no kan du til og med analysera ditt eige lag. Du kan òg analysera dine eigne spelarar om du er ein Supporter. Kamprepriser er no tigjengeleg for ikkje-Supporterar med kredittar.

Nettlesarvarsel er nyttig for dei av oss som gjer noko anna, men som likevel ikkje har lyst til å gå glipp av noko når det skjer eit eller anna i kampane deira. Dei nasjonale ligasidene får ei oppgradering, tilbyr noko interessant statistikk og syner regjerande serie- og cupmeister.

Mange utbetringar vert lansert for managerar som har eit ungdomslag, så som treningsrapportar som vert gjort tilgjengeleg med det same kampen er slutt, og speidarane dine vil ikkje lenger tilby deg 17 år gamle talent. Har du ikkje eit ungdomsakademi? Då vil ikkje lenger 19-årige spelarar bli tilbudd deg av speidarnettverket ditt.

Sesong 62 (6. juni 2016)

Ved å introdusera den nye Live-framsyninga, så vart det mykje meir spennande å fylgja ein kamp direkte i Hattrick. Og me kom i tillegg med mykje interessant og oppdaterte statistikkar i løpet av kampen. Dommaren kan no legga til tileggstid, og me har lagt til ein chat-funksjon, sånn at du kan snakka me andre managerar i serien din medan du ser på kampane.

Med den nye Laganalysen, så kan du raskt analysera dei førre kampane til dei komande motstandarane dine.

Sesong 61 (15. februar 2016)

Me syner no nivå over guddomleg. Mentorsystemet vert betra for å gjera opplevinga betre for rettleiarar og lærlingar.

Sesong 60 (26. oktober 2015)

Denne sesongen fekk systemet for dei tilsette ei oppdatering, og frå no av vert dei tilsette gjeve kontraktar. Du kan rekruttera ein taktikkassistent og talsmenn vert pensjonert.

Endeleg går me av HT-tid, og no kan du sjølv velja tidssone. Og endeleg er du i stand til å fylgja kampane dine utan å måtte rekna ut tidsskilnaden mellom der du bur og sentral-Europa.

Sesong 59 (6. juli 2015)

Det vert enklare å analysera kampar sidan me no vil syne statistikkar for alle sjansane i kampen etter dei er slutt. Ein lagoppstillingssimulator vert lansert, med andre ord eit kampordregrensesnitt som berre er meint til å leika seg med og ikkje assosiert med nokon kampar.

På 18-årsdagen vår, lanserte me lønsstatistikkar for alle spelarane og separate statistikkar for måla ein spelar har skåra i hans noverande klubb. Det vert òg mogleg å oppretta og ta del i turneringar med 32 og 64 lag.

Me er stolte over det faktum at med indonesisk, så har Hattrick fått endå eit omsett språk. Vårt eiga samtalesystem vert lansert som den siste nye funksjonen for dei mobile appane våre. No kan du prate med medlemmar i seriane dine, med motstandarar eller innan eit samtalerom til eit forbund, sjølvsagt opne til alle medlemmar av det forbundet.

Sesong 58 (16. mars 2015)

Frå no av vil sjølvtillit oppføra seg meir forutseieleg og ekstreme fall vil bli mindre vanleg. Treningsstraffen for walkover har blitt fjerna, sånn at spelarar som spelar ein annan kamp den same veka vil ikkje lenger lide ei treningsstraff. Med det same me var inne på straffar; straffesparkkonkurransar vil no berre ta nokre få minutt, og ikkje opptil 20 minutt som tidlegare.

Supporterar vil no vera i stand til å gjera ungdomsspeidarar, ungdomsstrenarar og alle slags typar spesialistar av spelarar på Legendeveggen. Etter oppmoding frå mange, så vil no dei mobile appane våre ha ein sosial seksjon, der du kan søkja igjennom, lesa og sjølvsagt skriva på Hattrick-foruma i tillegg til å handsama HT-post.

Med åra har me sett mange initiativ frå brukarane våre til å hjelpa nye brukarar å læra seg kva Hattrick handlar om, og korleis det bør spelast. No gjer me det lettare for dei å tilby støtte for å rettleia nye managerar til å læra om kva som er lurt/ikkje lurt, og me håpar dei vil verta like avhengig som alle me er.

Ei eksklusiv turnering for alle supporterane våre vil bli spela i kvar sesongpause. Den vil verta meir intensiv enn dei vanlege cupane våre, fullstendig internasjonal, og tilbyr mykje morosame overraskingar for alle deltakarane.

Sesong 57 (24. november 2014)

Me er særs nøgde med lanseringa av den nye mobile nettsida og den nye utforminga av iPhone- og Android-appane. Me trur verkeleg det vil løfta spelopplevinga for alle som likar at internettet deira er mobilt.

Supporterar får høve til å organisera deira nettverkslister. Opne turneringar gjev managerane sjansen til å bli med i tilgjengelege opne turneringar utan å måtte venta på ein invitasjon.

Sesong 56 (4. august 2014)

Me gav cupsystemet vårt ei heilt ny utforming for å la fleire lag få eit lengre opphald i cupen. I tillegg introduserte me divisjonscupar for dei lågare divisjonane. På same tid vil me òg tildela meir premiepengar og på eit tidlegare stadium av cupen enn før.

Med amerikansk engelsk, så lanserte Hattrick sitt 55. språk.

Sesong 55 (14. april 2014)

Denne sesongen ser endeleg det nye støtteapparatet dagens ljos, noko som gjer det meir meiningsfullt og interessant for brukarar å velje kven dei skal tilsetje.

Me ser eit brigde i opprykkssystemet i dei lågare divisjonane med fleire kvalifiseringskampar som ein konsekvens. Dette vil gje oss fleire kampar der noko står på spel. Premiepengane aukar òg.

Det vert mogleg å spele meir enn ei turnering om gongen. Du er no i stand til å sjå skadehistoria til spelarane dine i løpet av ein augneblink. Med Managernettverket kan alle Hattrick-brukarar halde styr på laga og managerane dei bryr seg om.

Med moglegheita til å gje nye namn til spelarar og eigendefinerte kamphendingar legg me til nokre få nye Gears-produkt. Som om ikkje alt dette var nok så introduserer me òg treningskampar i sesongpausen, slik at det vil vere ein Hattrick-kamp kvar helg, med mindre du då droppar å arrangere ein treningskamp.

Diamond er eit nytt Supporter nivå der du kan nytta alle Gears-produkta våre utan å betala kredittar for dei. Det inkluderer òg ein eksklusiv skuggekampfunksjon som let deg sjekka kva som ville ha skjedd med kampen din etter 10 ekstra simuleringar.

Sesong 54 (23. desember 2013)

Eit nytt treningsverkty vil hjelpa supporterar til å vurdere kor mykje trening spelarane deira treng før dei når det neste nivået i ein gjeven dugleik.

Takka vere betre støtte for CHPP-applikasjonar er våre tredjeparts utviklarar no i stand til å lage nye, betre og meir interessante applikasjonar som tidlegare ikkje var mogleg.

For fyrste gong nokosinne kan delar av forumet på Hattrick lesast av vitjande som ikkje spelar Hattrick. Me introduserer stigar for forbund. Vidare vert det mogleg for supporterar å sjå korleis kampkarakterar utviklar seg i løpet av kampen med Live-karakterar.

For å samanfatta denne sesongen, finansiell fair play vert annonsert for å sikre meir balanserte tilhøve innafor det internasjonale ligasystemet i Hattrick.

Sesong 53 (2. september 2013)

Etter mange år seier Hattrick endeleg farvel til Golden Goal-regelen slik fellesskapet etterspurte i den årlege avrøystinga. Takka vere den same avrøystinga kan du no òg sjå, endre og slette standard lagoppstillingane dine.

Ungdomslag vil ikkje lenger ha ei veke fri i sesongpausen til seniorlaga.

Sesong 52 (13. mai 2013)

Stigar er ein alternativ tevling med eit raskare tempo for deis om vil ha meir handling, ei ny utfordring eller berre har lyst til å spela i eit morosamt og vanedannande miljø. Azerbaijani vert det 54. språket tilgjengeleg i Hattrick. Ei kontostatus-side vert lansert som ein del av arbeidet vårt for å gjera Hattrick endå meir venleg.

Grunna finansielle problem, sel Zattika Hattrick attende til dei gamle eigarane. Til mange si lette går Hattrick vidare, men må diverre ta avskjed med nokre høgt respekterte og velkjende kollegaer som HT-Klas og HT-Tjecken.

Sesong 51 (21. januar 2013)

Ved å vera i stand til å dela kampresultata dine med vener på sosiale nettverk, så kan du fortelja dei om den imponerande sigeren din eller om det urettferdige tapet.

Hattrick Supporter er ikkje lenger berre eit produkt, i staden er det tre no: Platinum, Gold og Silver. Individuelle prisar for kvart land, gjev brukarar i dei fleste landa høve til å kjøpe Supporter til lågare prisar enn før.

Mange tvilte på om me nokon gong kunne kome opp med ein betre aprilsnarr etter 'Balls'. Introdusering av dommarar var definitivt eit godt forsøk. No kan du òg tena bonuspoeng ved å invitera venene dine til å spela Hattrick.

Sesong 50 (1. oktober 2012)

Karaktergrafar kjem med endå meir verdiar til dei nye, detaljerte kampkarakterane. Duellkampar gjev deg høve til å utfordra kva lag som helst og spela endå fleire kampar utanom det ordinære kampprogrammet.

Supporterpakka vår går gjennom ei større oppgradering med m.a. overgangsprospekt, klubbtema og klubblogoredigerar. I tillegg vert nokre gamle Supporterfunksjonar gjort tilgjengeleg for alle.

Autobodgjeving opnar opp for at managerar kan bli verande i senga i løpet av natta og likevel få den spelaren dei er på desperat jakt etter. Gjennom tilbodsveggen tilbyr me no moglegheita til å tene bonuspoeng for å få Supporter og Kredittar utan å måtte bruke verkelege pengar.

Sesong 49 (11. juni 2012)

Det nye vervingssenteret vårt gjer det lettare for deg å invitera nye vener til Hattrick. I lag med Hattrick Press organiserte me ei skrivetevling der du kan skriva artiklar om karriera di i Hattrick. Ein ny Managerlisens erstattar den gamle Managerlisensutfordringa som ein del av forbetringane til den nye brukar opplevinga.

Sidan Hattrick såg lyset for 15 år sidan, feirar me med nye karakterar som gjev deg mykje meir informasjon å fordøya om kampane dine. I tillegg er det lansering av Jubileumssida vår der me deler nokre kule fakta om dei fyrste 15 åra våre.

No kan òg smarttelefonbrukarane våre bruka Hattrick gjennom den offisielle Android-tilleggsfunksjonen som har den same funksjonaliteten som for iPhone.

Sesong 48 (20. februar 2012)

Du kan invitera fleire vener til serien din om du spelar i dei to lågaste divisjonane. Gjennom Hattrick Turneringar får du høve til å spela mot dei du vil utan å risikere skader eller kort som kunne hatt ein effekt i vanlege kampar.

Eit stort seg i historia vår var når Hattrick vart med Zattika, ein spelutgjevar fokusert på sosiale- og mobile spel.

Spelartrøyene dine vert no vist i kampordreskjemaet og spelarar som har spela ein kamp sidan siste treningsoppdatering vert markert. Som om dette ikkje var alt, lanserte me òg iPhone app og det vert mogleg å logga inn på Hattrick gjennom Facebook.

Sesong 47 (31. oktober 2011)

Lojaliteten til spelarane som har vore i klubben din i lengre tid vil no gjere at dei presterer betre. Hattrick Gears, ein-gongstenester sånn som spelarforvandling vert introdusert. Me gjer òg nye statistikkar tilgjengeleg på nettstaden i det som kan kallast ei enklare utgåve av Alltid.org. Hattrick Press får deira eigen blogg på Hattrick United og på same tid får forbunda høve til sjølv å opna ein blogg.

Me er veldig glade for å ha blitt røysta fram til " Most Favourite Simulation Game i 2011!"

Sesong 46 (11. juli 2011)

Kampordreskjemaet er forbetra med ein karakterspådomsfunksjon og ein spelar sin beste posisjon er markert. Nybyrjarar kan spørja trenaren sin om eit lagoppstillingsforslag. Å lata to spelarar byta posisjon på bana vert også mogleg.

Alle brukarar får tilgjenge til den enkle treningsrapporten. Supporterar får ein forbetra treningsrapport, inkludert kondisjons- og formoppdateringar, i lag med grafar på arenabruk og supporterklubbutvikling. Det er også høvet til å senda kampordrar gjennom CHPP-applikasjonar.

Sesong 45 (21. mars 2011)

Mange ting skjedde rundet Hattrick denne sesongen. Den kanskje største endringa i Hattrick er introduksjonen av Kontoret mitt, den nye startsida for alle managererar. Sett vekk ifrå det var det tre store utgjevingar: Hattrick United (bloggportalen vår), Hattrick Widgets (widgetar klare til bruk for nesten kvar ei sida/blogg) og Hattrick Open (der du kan spela Hattrick-turneringar mot venene dine når du måtte ynskja det).

Hattrick Supporter feirar 10 år med personlege manageravatarar, linka pressemeldingar, nye bakgrunnar og betra overgangsynskjelister.

Kamerun, Usbekistan, Cuba og Palestina er nye medlem av Hattrick-familien, og det islandske språket blir lansert.

Sesong 44 (29. nov 2010)

Etter mange år, så får Hattrick endeleg den etterlengta arabiske språkversjonen. Supporterpakka blir oppdatert med live- og heime-/bortetabellar, 'liker'-knappar og kommentarar på pressemeldingar, og lagbilete. Før-kamp kommentarar er no opne for alle, og det er også mogleg å arrangera treningskampar gjennom Facebook.

I spelet vart allmenn (form) fjerna som alternativ til treningstype.

Sesong 43 (9. august 2010)

I løpet av denne sesongen vart Hattrick ei tenåring, ein verkeleg overveldande merkedag. Den største nyhenda denne sesongen er raskare trening, på mange evnenivå mykje raskare - men òg seinare på høgare nivå. På same tid vert òg tap av evne gjort meir avhengig av evne og ikkje alder. Det er òg endringar blant dei tilsette; målvakt-assistentar vert slått saman med assistent-trenarar, rekneskapsførarar vert fjerna og du kan berre ha 30 tilsette til saman (og maks. 10 av kvar type).

Kampmotoren vert gjeven ein betre simulering av nervøsitet og undervurdering, og spesielle hendingar vert no fordelt lineært i samsvar med ballinnehav. Klubblegar vert letta over å høyre at nye helseresultat gjer ein slutt på lange skadar; når ein spelar vert skadd, er +4 den lengste skada ein kan få no.

Og som om ikkje dette var nok, fekk me òg betra kampoppsett i serien, takka vere ein medlem av fellesskapen (jimrtex). Apropos fellesskapen; ein beta av eit søkjeverkty for forum vert lansert og så i tillegg opnar utviklarane opp sin eigen blogg for å dela om sitt kvardagslege liv.

Sesong 42 (19. april 2010)

For fyrste gong i historia fekk me ein spelmotor som ikkje var basert på 4-4-2, den nye motoren kan handsama alle formasjonar utan å måtta flytta om på spelarane. Dette gjer han enklare i bruk. Ei av dei andre føremonene til den nye motoren var at sentrale midtbanespelarar vart mindre viktige enn før.

Finanssidene fekk ei oppdatering og vart meir detaljerte, og fekk også inkludert sesongoppsummeringar. Supporterar fekk også finansielle grafar, for å gje betre oversikt. Hattrick innleia eit partnarskap med den klassiske italienske sportsavisa Gazzetta dello sport.

Sesong 41 (28. des 2009)

Før denne sesongen tok til, vart alle datastyrte lag frå nivå 6 og lågare degradert til den lågaste divisjonen då sesongen var slutt, og laga med aktive managerar byrja ta plassane deira for å piffa opp tevlinga. Fordelinga av basis-sjanser i kampmotoren vart endra, noko som gjorde nokre sjansar eksklusive for eit lag, for å betra balansen og redusera omslaga i kampen. Dette gjorde det også lettare å handtera pressing- og kontringstaktikken.

Maltese, vår 50. språkversjon, vert lansert, og det vert òg sida vår for systeminformasjon, noko som styrkjer tilhøva for kommunikasjon. HFA ynskte velkomen ein heil ny generasjon av kampreferentar som har for vane å koma tidsnok til stadion, og på slutten av sesongen vart det nye ordreskjemaet testa i ungdomslaga, og seinare i treningskampar på seniornivå.

Sesong 40 (7. sept 2009)

Sesong 40 var ein ganske roleg sesong, utan endringar i sjølve spelet. Men Hattrick får sin etterlengta tilleggsfunksjon på Facebook, og også ei ny tilhengjarside på Facebook. Bragder får ei oppdatering, i lag med ei liste over tilgjengelege bragder. Den lille funksjonen der managerar kan velja sine eigne favorittlag, ser dagsens ljos.

Sesong 39 (17. mai 2009)

Effekta av sjølvtillit vert redusert i kampmotoren, noko som gjorde det enklare for forsvaret og målvakta å stogga angrep. Samstundes vart kamprangeringane meir nøyaktige, og effektane av sjølvtillit, forvirring, og attendetrekking vart meir synlege.

HT-Live vart betra mykje, og med Re-live har du no høve til å få kampopplevinga, sjølv om du ikkje kan vera innlogga under kampen. To nye språk vart lagde til, vietnamesisk og makedonsk. Det sistnemnde skapte mykje oppstyr, då det var ein pågåande namnedisputt mellom Makedonia og Hellas i den verkelege verda, og dette førte til fleire veker med heftig diskusjon på dei nasjonale foruma.

Sesong 38 (25. januar 2009)

Denne sesongen gjorde dei planlagde byta verkeleg sitt inntog i Hattrick, etter å ha vorte testa i ungdomslaga og i treningskampar ei lang stund. Vi innførte òg ein ny taktikk å leika seg med: langskot.

På overgangsmarknaden vert ei endring innført for å motverka ekstrem trading: du kan ikkje leggja ein spelar ut til sals fleire gonger enn han har spela kampar for laget ditt. Ei grense på 50 spelarar i stallen vert innført samstundes.

Supporterpakken gjennomgår endå ei stor oppdatering, med førehandsanalyse av kampane som den største endringa. Andre ting som vart inkludert, var søkjeprofilar på overgangsmarknaden, høve til å laga eigne snarvegar og slutten på tradisjonelle banner for supporterar.

Å, så må vi ikkje gløyma Balle. 1 april vart Hattrick-assistenten Balle introdusert i spelet, som ein hjelpar. Balle var Hattrick sin fyrste offisielle aprilspøk, og vart sett stor pris på.

Sesong 37 (5. oktober 2008)

Den nye utforminga av Hattrick såg dagsljoset for fyrste gong i midten av desember, som den utan tvil største oppdateringa på lenge. Med den nye utforminga fylgde det òg ein del nye funksjonar, slike som eit nytt forum og nye spelarandlet. Supporterpakka vart oppdatert med ein ny, fantastisk spelatrøyeverkstad, og supporterane kunne òg velja seg ein manager-avatar.

Sidan den nye utsjånaden var ei så stor endring, kunne det vera lett å gløyma ting som hende før dette. Men utfordringspotten bør me ikkje gløyma, og det bør heller ikkje høvet brukarar i dei to lågaste divisjonane fekk til å invitera vener inn i avdelinga si.

Vi fekk òg eit nytt overgangssøk, der ein kunne søkja på heile marknaden samstundes, i staden for å spesifisera ein verdsdel. Indirekte daudballar vart lagde til i kampmotoren, og beltxis frå Venezuela vart det fyrste laget som vann Hattrick Masters to gonger.

Sesong 36 (15. juni 2008)

Hattrick Press, vår eiga brukardrivne avis, vert lansert, og internposten vert oppdatert med nye funksjonar. Indirekte daudballar vert ein realitet i treningskampar, og angrep på kantane vert meir effektivt etter at vi fiksa ein eldgamal bug. Individuelle ordrar gjer det mogleg å halda ein spelar utanom den vanlege evnetreninga. Det er ikkje lenger mogleg å bruka begge ungdomssystema samstundes.

Uganda og Dhivehi Raajje entrar Hattrick-verda. Plasseringa av nybyrjarar i ligasystemet vert betra for å simulera menneskeleg motstand, samt at nybyrjarar ikkje vert plasserte åleine i ein serie lenger. Vi opna òg opp test-tenaren Stage for 5000 vanlege brukarar, og språk nummer 45 gjer sitt inntog då Furlan vert slept.

Sesong 35 (24. februar 2008)

Den nye kampmotoren er no i bruk i alle kampar. Treninga vert minuttbasert, og daudball fungerer no nett som alle andre spelarevner. Supporterforventingar – kva tilhengjarane forventar før kvar kamp – vert lansert, og byrjar straks å spela ei viktig rolle for alle managerar. Billettprisen for plass under tak vert auka, og salet av desse plassane aukar i kampar med overskya vêr og regnvêr. Vidare får heimelaget i ein derbykamp ein liten fordel, noko som ikkje var tilfellet tidlegare.

Match of the season, Hattrick-brettspelet, vert lagt ut for sal, og den største fotballspørjeundersøkjinga så langt – Global Football Monitor – returnerer 440 000 svar. Bosnian språkversjon og Tanzania og Dawlat Qatar ligaer vert lagde til.

På slutten av sesongen kan du byrja å testa planlagde spelarbyte i ungdomskampane.

Sesong 34 (4. november 2007)

Over 75 000 brukarar er innlogga samstundes i januar. Treninga går raskare på låge evnenivå, men saktare på høge nivå. På same måte byrjar evnenivået å ha effekt på kor snøgt evnene vert reduserte, i staden for at det berre er alderen som tel. Ein ny kampmotor (med nye spelarbidrag og kondisjon som tyder like mykje for alle spelarar) vert testa i treningskampar for å stimulera bruken av spelarar med fleire evner.

Ungdomslaga gjennomgår òg fleire betringar; høgare spelarevner, auka fart på treninga, form og kondisjon som ikkje varierar lenger, og betre informasjon frå trenar og speidarar.

Hattrick-nytt, nyhendebrevet frå Hattrick, vert sendt ut for fyrste gong. Ein persisk språkversjon vert lansert, og Benin og Suriyah er sesongens nye ligaer.

Sesong 33 (15. juli 2007)

Hattrick feirar tiårsdagen med kalendarverkty, ein invitasjonsfunksjon og ein ny direkte framsynar med integrert chat-funksjon. Seinare får vi òg logorangering, og supporterane fekk fleire bokmerke-alternativ. Ghana, Moçambique, Kampuchea og Brunei vert med i Hattrick, og Frisian og Luxembourg sine språkversjonar vert lagde til.

Kondisjon vert no trena som ein prosentandel av total trening, i staden for å verta trena separat, slik som alle andre evner. Ein økonomisk reform i byrjinga av sesongen gav oss lågare spelarløn og byggjekostnader, samt høgare sponsorinntekter og billettinntekter, og dette var det fyrste steget mot å få ein stabil økonomi. På slutten av sesongen auka prisane på marknaden, noko som sette ein stoppar for ei rekkje sesongar med lågare prisar.

Sesong 32 (25. mars 2007)

Den største nye funksjonen nokon gong vert sleppt: ungdomsakademiet - eit spel i spelet, der du styrer ditt eige ungdomslag og trenar dine framtidige stjerner. Ein månad etter oppstarten er det over 500 000 ungdomslag i Hattrick. Hattrick får ein meir moderne utsjånad, og brukarane får høve til å klaga på Spelsjef-avgjerder til Senior-Spelsjefane, som er leiarane for Spelsjef-organisasjonen

Supporterar får utvida treningsrapportarkiv for ungdomslaga, trenarkommentarane vert òg synlege på spelarsida.  På slutten av sesongen får spelarane individuelle fødselsdagar, i motsetnad til tidlegare, då alle spelarane fylte år samstundes, i byrjinga av sesongen.

Sesong 31 (3. desember 2006)

Eit alternativt karrierehøve vert danna, og det er oppnåingar. Sponsorinntektene vert auka og agentkostnadene vert reduserte - noko som òg gjeld rentene.

Supporterpakka vert utvida med endå meir statistikk. Oman og Al Yaman er nye språk, og saman med Belarusian og Basque er det no 40 språk å velja mellom.

Sesong 30 (13. august 2006)

Grensa på 900 000 brukarar vert passert. Kondisjonen byrjar å minka ettersom sesongen går, og spelarane byrjar å mista evner i mindre mengder, men oftare.  Det er no mogleg å få høgare sjølvtillit enn glitrande, og spelarane kan få evner som er heilt fråverande. Landslag får ein haug med nye grafiske funksjonar, og Hattrick Masters vert ein firevekers konkurranse.

Ein tredje versjon av spansk vert lagd til (Central American) og Kyrgyz og fire nye språk vert introduserte: Al Kuwayt, Angola, Bangladesh og Crna Gora.

Sesong 29 (23. april 2006)

Fleire enn 800 000 aktive brukarar spelar no Hattrick. Vi får eit nytt design, og ei meir praktisk kampordreside i Flash. Du byrjar å betala spelarløn den fyrste veka, og kamprapportane får fleire varierte hendingar.

Supporterpakka får ei stor oppdatering med legendeveggen, spelatrøyeverkstad, utvida veneliste og treningsoppdateringar, for å nemna noko. Supporterane får òg kompensasjon for nedetid i spelet. Azərbaycan og Al Iraq kjem inn i Hattrick-verda. Ei global spørjeundersøkjing vert gjord, og over 200 000 svar vart returnerte – heilt fantastisk!

Sesong 28 (1. januar 2006)

Mellom sesong 27 og 28 vert alle brukarlause lag, som brukte å stå uendra og gje walkover, heilt til dei kom til dei to nedste divisjonane, gjorde om til datalag. Det neste steget i denne "seriereforma" vert gjort på slutten av sesongen, då seriesystemet får ei pyramideform (dess lågare divisjon, dess fleire avdelingar) i staden for ei flaskeform. Alle datastyrte lag vert flytte til botnen av pyramiden.

Resultatet var at dei datastyrte laga kom til botnen fortare, og dei fekk raskare nye eigarar, i staden for å måtta venta høgare oppe i systemet.

Hattrick Masters vert spela for fyrste gong, med ein fransk vinnar: FC Barentin. Cartoon United, ein Hattrick-teikneserie, ser dagsens ljos på sida, og Hattrick byrjar òg å sponsa nokre Hattricklag frå den verkelege verda. Fire nye medlemmar kjem òg til: Bahrain, Barbados, Cabo Verde og Côte d’Ivoire.

Sesong 27 (11. september 2005)

På berre ein sesong vert 100 000 nye brukarar med i Hattrick, noko som gjer at vi kan telja fleire enn 700 000 aktive brukarar. Managerlisensen vert lagd til, for å gjera det enklare å koma inn i spelet i byrjinga. Ein ny taktikk, spel kreativt, vert lagd til, samstundes som du kan kommandera angriparane dine "mot kanten" i lag med den nye taktikken "angrip på kantane". På same tid medverkar angriparane mindre, og kantspelarane meir, til kantangrepet.

Ligarangering vert introdusert og stadion-utformar der du kan endra utsjånaden på stadionet ditt er ein ny Supporter-funksjon. Dei mobile tenestene vert interaktive, noko som blant anna gjer det mogleg å by på spelarar med mobilen.

Algérie, Hayastan, Lubnan, Liechtenstein, Mongol Uls og Sénégal er dei nye ligaene denne sesongen, og dei nye språka er Korean, Japanese og Slovenian. Sist, men ikkje minst, får Hattrick sin eigen wiki.

Sesong 26 (22. mai 2005)

Talet på aktive brukarar er no over 600 000. Suriname, Nicaragua, Trinidad & Tobago og Kazakhstan vert med i Hattrick, og serbisk, norsk (bokmål) og slovakisk språk vert lagde til. Supporterpakka får statistikkar for bokmerke og regionale forum.

Sesong 25 (30. januar 2005)

For fyrste gong i Hattricks historie er ikkje Sverige det største landet, ettersom Spania og Nederland no har fleire aktive brukarar. Det er no mogleg å bruka to nye treningstypar; langpasningar og markeringar. Skottrening vert og gjord 25% meir effektivt. Ei endring i tilskodarformelen skaper mindre variasjonar i tilskodaroppmøtet, sidan supporterstemninga ikkje lenger er så viktig.

"Siste nytt" for kvar serie er attende etter 14 sesongar, det forsvann då Hattrick fekk ny utforming i sesong 11. Al Urdun, Andorra, Sakartvelo og Guatemala vert med i familien, og Galego (galisisk) vert språk nummer 30. FC Hong Kong syter for at endå ein milepæl vert nådd, når det vert det fyrste laget med meir enn 100 millionar € på konto.

Sesong 24 (10. oktober 2004)

Talet på aktive brukarar når 500 000, noko som vert feira med eit teikneseriesbilete av Hattrickverda. Det skaper imidlertid eit lite oppprør i Brasil, sidan ei ape (som vart bytt ut eit par dagar seianre) vert plassert i den delen av verda.

Det store nyhendet er at 32 768 lag kan vera med i cupen, etter det nye oppsettet. Tidlegare kunne berre 8192 lag vera med. Billettinntekter og sponsorinntekter aukar med 10%, og pengane ein får for tabellplasseringa si, vert dobla.  Czech vert introdusert, saman med seks andre språk: El Salvador, Honduras, Kyrgyzstan, Malta, Moldova og Shqipëria.

Teikneseriebiletet utan ape

Sesong 23 (20. juni 2004)

Hattrick når 400.000 aktive brukarar, og så mange som 25 000 er pålogga samstundes. For å redusera vinsten av 'daytrading' vert avgifter og inntekter ved sal endra, slik at det vert mindre attraktivt å kjøpa og selja spelarar over natta. Samanlikning av overgangar og Total Skill Index (TSI) for alle spelarar (tok plassen til såkalla "marknadsverdi") er andre verdiar som skal gjera det enklare for brukarar å rekna ut kor mykje ein spelar er verd.

Spelarlønningane vert endra for å gjera sekundære evner billigare lønsmessig, tilhengjarane vert endå smartare, alle lag kan få kontringar og tilfellefaktoren vert redusert i angrep/forsvar ratioen. Lagkarakterane vert halverte og vert no rekna med svært låg, låg, høg og svært høg, innanfor alle nivå.

Nye ligaer er Northern Ireland, Belarus, Makedonija, Kenya, Panamá og Jamaica, og Croatian, Hebrew, Russian og Ukrainian vert lagde til. Hattrick Klubbhus er ei ny medlemsteneste, og supporterar får ei ny oppdatering med blant anna mange nye forumfunksjonar.

Sesong 22 (29. februar 2004)

Saudi Arabia, Tounes, Costa Rica, United Arab Emirates, Lëtzebuerg, Iran, Republica Dominicana og Cyprus er nye familiemedlemmar, og Hungarian, Latvian, Argentinian (seinare South American), Spanish og Bulgarian er nye språk.

Sesong 21 (9. november 2003)

Hattrick når 250.000 aktive brukarar! Seks ligaer (Paraguay, Ecuador, Bolivia, Nigeria, Al Maghrib, Føroyar) og seks nye språk (Flemish, Turkish, Brazilian Portuguese, Romanian, Greek, Lithuanian) vert lagde til, og HT-Live er det store nyhendet.

Pengar frå billettsal aukar med 25%, og vi får eit nytt oppsett for VM. Den fyrste Hattrick-kalendaren kjem til sals i bua, og ein kan no tippa på Hattrick-kampar gjennom ein samarbeidspartnar. Sverige sitt einevelde på bana fram til no vert ytterlegare svekka når Noreg vinn VM.

Sesong 20 (20. juli 2003)

Kamptaktikkar vert introduserte, men kan berre verta brukt i treningskampar denne sesongen. Røynsla til spelarane byrjar å påverka prestasjonane deira. Det gamle trenarsystemet, der du betalte 10.000€ og fekk ein ny tilfeldig trenar, vert endra. No kan du gjera ein eigen spelar om til trenar, eller betala for ein ny ein som har dei evnene du er ute etter.

Seks ligaer (Lietuva, Slovensko, Ukraina, Bosna i Hercegovina, Vietnam og Pakistan) og tre nye språk (Polish, Portuguese og Catalan) vert lagde til. Supporter får no spelartrøyealternativ, meir statistikk og nokre forumfunksjonar, og CHPP-programmet vert endra for å gje plass til fleire tilleggsfunksjonar, men tilleggsfunksjonane er ikkje lenger til sals i bua vår.

România vert det fyrste laget som slår Sverige i ein obligatorisk kamp (U20-VM) og România vann òg U20-VM denne sesongen.

Sesong 19 (30. mars 2003)

Antalet på aktive brukarar passerer milepælen 100 000. Fellesskapen får si eiga avis til å publisera artiklar på nettstaden, AHP (Associated Hattrick Press) og tilhengjarane til laga vert smartare, sidan dei no blant anna tek omsyn til kva divisjon du spelar i.

Det finske språket vert lagt til.

Sesong 18 (8. desember 2002)

Tre nye språk (Estonian, Italiensk og Dansk) vert lagde til, og fire nye ligaer (Bulgaria, Cymru (Wales), Israel og Slovenija) vert lagde til. Det er enklare å betra formasjonsrøynsla, og det tek lenger tid å miste ho att.

Kompensasjonen for landslagsspelarar vert endra. Ein får ikkje lenger trening i landslagskampane, men HFA betalar framleis 1/3 av løna, dersom spelaren spelar kamp for landet sitt.

Supporterpakka vert utvida med påminningar, og banner vert ikkje lasta om att for supporterane – noko som vert sett stor pris på. LA-prefikset for språkadministratorane vert introdusert.

Sesong 17 (18. august 2002)

Sesong 17 vert rekna som jubileumssesongen, sidan Hattrick no vert 5 år. No spela over 60.000 brukarar Hattrick.  Vi får 5 nye nemningar (titanisk, utanomjordisk, mytisk, magisk, utopisk), to nye ligaer (Hong Kong og Chinese Taipei) og ein nederlansk språkversjon.

Det trådbaserte forumet vert fjerna og erstatta av vårt nye forumsystem, saman med tjuvtitt-funksjonen. Lagånda vert no påverka av overgangar, og supporterar får meir statistikk, ei eiga notatblokk og nyhendebrev frå forbunda. Mod-prefikset ser og dagsens ljos, for å lettare kunna kjenna att forummoderatorane våre.

Sesong 16 (28. april 2002)

Magyarország (Ungarn), Ceská republika (Tsjekkia), Latvija (Latvia), Indonesia, Philippines, Eesti (Estland), Hellas, Hrvatska (Kroatia) og Yugoslavia, som seinare vert Srbija i Crna Gora og endeleg Srbija (Serbia), vert med i Hattrick-familien. Dei mobile tenestene vert tilgjengelege for alle brukarar, og spelarandlet og bokmerke er nye Supporterfunksjonar. Dei som lurte på korleis Bob Sunesson såg ut, måtte halde fram med å lura, sidan andletet hans var tildekt av forskjellige objekt.

VM hadde ei separat side og ein eigen logo i dei fyrste utgåvene.

HFA bestemmer seg for å betala 1/3 av løna til landslagsspelarar, så lenge dei både spelar kampar for landslaget og sitt eige lag. Sverige vinn det første U20-VM, noko som heller ikkje er ei overrasking, og den fyrste spelaren som oppnår 10 stjerner er Thomas Ranlind, ei svensk målvakt som ein sesong seinare vert sparka frå spelet av eigaren sin.

Sesong 15 (6. januar 2002)

Ein kan nesten seia at alt hende i sesong 15. Det byrja med ei stor oppdatering av nye funksjonar, slike som spesielle hendingar, internasjonale treningskampar, derbykampar og landslag – ei viktig oppdatering for fellesskapen.

Det slutta med at Sverige vann den fyrste verdsmeisterskapen (noko som ingen vart overraska over) og utdelinga av ei økonomisk krisepakke som gav lågare spelarløner, lågare agentavgifter, opprykksbonus, rentetak, moder- og førre klubb-pengar.

Alle laga hadde òg fått pengar for TV-retter i midten av sesongen, og alt dette vart gjort for å kompensera for at den økonomiske utviklinga ikkje gjekk like fort som utviklinga av spelet.

Midt oppi alt dette vert HT-gruppa utvida frå 3 til 9 medlemmar, sida dei trong fleire personar til å jobba med utviklinga, administrasjon osb. Dei seks nye personane var med på frivilleg basis, men dei fleste vart seinare tilsette i Extralives. Det faktumet at tysk språk vart introdusert i Hattrick, gjekk nesten umerkeleg forbi.

Sesong 14 (16. september 2001)

Endeleg får Hattrick sitt eige forumsystem, eit trådbasert system, og fellesskapen får ein meir naturleg plass å treffast og diskutera på. Fransk og spansk språk vert lagde til, og seks nye ligaer vert danna: Singapore, Sveits, Island, Belgia, Østerrike og Malaysia.

Overgangssida får ei oppdatering, med nye søkjealternativ. Det er no mogleg å søkja på evner. Ei anna endring er at lagånda endrar seg litt kvar dag, i staden for mykje kvar veke.

Dei fyrste mobile tenestene, berre for Sverige, vert introdusert, og trøyenummer, gjestebok og forbundsforum vert lagde til Supporterpakka. CHPP (Certified Hattrick Product Provider), ei samarbeidsordning med uavhengige utviklarar av Hattrick-tilleggsfunksjonar, vert oppretta. Du kunne kjøpa CHPP-tilleggsfunksjonar i bua.

Sesong 13 (27. mai 2001)

Tenesta Hattrick Supporter vert lagd til, ei medlemskapsteneste som seinare skulle visa seg å vera redninga for Hattrick, og syta for at spelet vart utvikla vidare.

For 15 SEK (omkring 1,5€) i månaden fekk du ei veneliste, noko personleg statistikk og rykande fersk informasjon i Nyhendestraumen. Kanskje endå viktigare var det at Supporter var ein glimrande måte å støtta spelet på. To månadar seinare vert Supporter utvida med spelartrøyer, premieskåp, pressemeldingar, logoar, forbund og meir statistikk.

Ikkje mindre enn 23 nye ligaer vert lagde til: Oseania, Spania, Portugal, Polen, România, Chile, Brasil, Tyrkia, Colombia, Perú, Kina, Uruguay, Venezuela, Canada, Russland, Prathet Thai, Skottland, Irland, Nippon, Hanguk, Misr, India og Sør Afrika.

Bob Sunesson sine glitrande prestasjonar for Hattrick vert lagde merke til av HFA (Hattrick Football Association), og dei gjev han den store æra å verta "elska lagkamerat" - eit av dei fyrste påskeegga i spelet.

Sesong 12 (4. februar 2001)

Frå denne sesongen vert du verande i same serie om du ikkje rykkjer opp eller ned. Tidlegare vart laga tilfeldig plasserte i ein serie kvar sesong.

Den flotte, grøne Hattrick T-skjorta vert laga, og ho er den fyrste artikkelen til sals i bua.  4 nye ligaer vert lagde til: Noreg, Danmark, Finland og Nederland.

Sesong 11 (15. oktober 2000)


Etter ein månad med nedetid er Hattrick attende med ny utsjånad og ein haug nye funksjonar. Hattrick er ikkje lenger berre for svenskar - no er det òg på engelsk, og sju nye ligaer er opna opp: Argentina, Tyskland, Frankrike, England, Italia, Spania (som seinare vert Mexico) og USA. Den svenske ligaen vert òg utvida til 10920 lag, og vert snart fyld opp.


Ein alternativ logo frå oktober 2000 som aldri vart brukt.
Om ein ser bort frå dei nye ligaene, er det største nyhendet at Hattrick alltid er oppe (online), og at alle hendingar skjer i reéll tid – til og med kampane! Rangeringssystemet er òg heilt nytt, med halve og heile stjerner, og tre nye nemningar er lagde til (fantastisk, eventyrleg og guddomleg) noko som gjer dei til 15 i talet.

På slutten av sesongen kjem den unge målvakta Bob Sunesson inn i Hattrick i ein alder av 22, og han skulle seinare verta den mest berømde spelaren i heile spelet, trass i at hans høgaste evne var veik i kantspel.

Sesong 10 (4. juni 2000)

Denne sesongen vil for alltid verta hugsa som den siste med det gamle, nostalgiske designet.

Sesong 9 (13. februar 2000)

Fellesskapen vert flytt frå Passagen til Delphi forums og vert endå betre. Seinare vert den fyrste sida med automatiske statistikkoppdateringar, HTSCB - Hattrick Central Bureau of Statistics, danna.

Sesong 8 (24. oktober 1999)

På slutten av sesongen, i byrjinga av år 2000, vert samskipnaden Extralives danna for å utvikla Hattrick vidare. På Hattrick vert Sunne IK legender, for dei er det fyrste laget i historia som vinn "the double".

Sesong 7 (3. Juli 1999)

For fyrste gong i historia kan du no velja ein annan formasjon enn 4-4-2, sidan du no kan omplassera spelarane dine.  På same tid vert individuelle ordrar for spelarane introdusert, noko som gjorde alle dei gamle kampinnstillingane alle i angrep, optimistisk, forsiktig og ultra-defensiv overflødige.

Sesong 6 (14. mars 1999)

Heller ikkje denne sesongen skjedde det noko spesielt.

Sesong 5 (15. november 1998)

Om noko ekstraordinært skjedde denne sesongen, kom det i alle fall ikkje med i historiebøkene.

Sesong 4 (26. juli 1998)

Denne sesongen vart sesongen med treningsreforma. Eit sett av nye treningstypar vert lagde til, og desse gjer det mogleg å trena alle evnene, ikkje berre kondisjon og daudball. Som ein bieffekt av dei nye treningsformene vert Per Emilsson betre enn det rangeringane tillèt, og han vert den fyrste og einaste spelaren som fekk "Helgen"-rangeringa (Som vart lagd til dersom det umoglege, mot alle odds, faktisk skulle skje).

Grunna dette gjer vi ei endring i rangeringssystemet, og utropsteikn vert lagde til etter "*****". Det ferdige systemet såg slik ut etter oppdateringa: 0, H, HH, HHH, *, **, ***, ****, *****, *****!, *****!!, osb.

Sesong 3 (5. april 1998)

Hattrick vert utvida til 1704 lag, då div IV vert lagd til. Cupen og treningskampar vert lagde til. Zakrock Rooch vert fyrste cupvinnar.

Sesong 2 (23. november 1997)

Hattrick vart utvida til 680 lag, fordelt på fire divisjonar (Allsvenskan, div I, II og III) og vart flytt til den svenske portalen passagen.se. Den opne overgangsmarkeden såg dagsens ljos (tidlegare kunne du by på ein spelar, og eigaren hans måtte anten akseptera eller avslå bodet).

Den fyrste internasjonale kampen vert spela: Sverige - Danmark 1-2. Danmark var ein klone av Sverige, men det tok likevel mange år før Sverige fekk revansje.

Sesong 1 (30. aug 1997)

Hattrick vert født den 30. august i 1997. Spelet er berre på svensk, og det har 16 lag. Dei to test-seriane (A og B) går over 7 rundar. 4-4-2 er den einaste moglege formasjonen, og ein kan velja mellom å trena generell, kondisjon og daudball.

Sida vert stengd kl 00.30 kvar natt for å få unnagjort alle oppdateringar, ferdigstilla overgangar og spela kampar. Når sida opnar att om morgonen, kan ein sjå kampresultata.

Den originale nostalgiske logoen.
Den originale nostalgiske logoen.
 
Server 071